
|
AKSJONER
|



|
I FOKUS
|









Krigen mot Hizbollah 2006
| Winograd



Holocaust



| PÅ ISRAELS SIDE |
| www.miff.no |
-
Eg trur at Mitchell-rapporten er den sjanse vi har til å kome ut av
den voldsspiralen som eksisterer i dag. Men eg er ikkje sikker på at
vi vil lukkast. I den siste månaden har vi sett ei ny form for antisemittisme
både hos arabiske naboland og hos palestinarane.
Det sa den israelske vise-utanriksminister Michael Melchior på ein pressekonferanse
i Oslo torsdag. Han er på ein lynvisitt i vestlege land, og hadde mellom
anna møte med utanriksminister Thorbjørn Jagland og Kjell Magne
Bondevik.
Opptrapping av vold
- Israel har einsidig teke det skritt å stanse alle handlingar mot palestinarane
dagen etter at Mitchell-rapporten kom ut i eit forsøk på å
stanse valden. Men diverre har vi i den perioden som har gått fått
ein ytterlegare opptrapping av terror. Det er slik at Israel blør i
dag på mange måtar. I tillegg er det ein verbal opptrapping hos
palestinarane som ikkje er noe godt teikn med tanke på framtida. Men
Arafat har offentleg sagt at også palestinarane vil akseptere Mitchell-rapporten,
så vi får freiste å halde dei til det dei har sagt. Eg trur
at Arafat har full kontroll, og dersom han vil stanse valden - kan han langt
på veg makte det, sa Melchior.
Men han meinte av Arafat endå ikkje er kome til den strategiske avgjerda
at han ynskjer å stanse konflikten.
- Han har heller ikkje forstått at vald ikkje tener han meir enn å
kome til forhandlingsbordet. Det som er så tåpeleg er at til slutt
vil vi likevel sitje ved forhandlingsbordet. Men kor mange menneskeliv vil
gå tapt før den tid? spurde Melchior, som peika på at smerta
og frykta er enorm i Israel, og det vert bygd opp stadig meir mistillit mellom
partane.
Ny form for antisemittisme
- I dei siste månadane har det hos arabiske naboar - inklusiv hos palestinarane
- kome fram ein ny form for antisemittisme som vi ikkje har sett før
i den dimensjonen. Den syriske president sa under pavevitjinga at jødedomen
drap Jesus, og de freista å drepe Muhammed - og no gjer dei presis det
same med palestinske barn! Forsvarsministeren hans uttrykte det litt meir
brutalt med å seie at "vi kan saktens løyse konflikten ved
at kvar arabar tek på seg å drepe ein israelar, så har vi
løyst konflikten!
Dette organiserte og planlagde hatet er i dag tonen i palestinske aviser,
tv, moskear og skolebøker. Og folk har ingen andre kjelder for informasjon.
Dei får stadig høyre at jødane kastar ut sjokolade frå
fly for å forgifte palestinarane. Eller at jødane seljer billige
belte med radioaktiv materiell for at palestinarane ikkje skal få barn,
eller at barna dei får vert skrøpelege. Ein freistar å
ta ifrå jødane deira legitimitet. Dette var openbert grunnen
til at Arafat ikkje ville skrive under på ein avtale med Israel.
Svaret på fredsavtale vart intifadaen
Michael Melchior understrekar at vi ikkje må gløyme kva som skjedde
for ni månader sidan.
- Eg var samen med statsminister Barak under FN sin milleniumskonferanse der
vi møtte 26 statsleiarar. Alle desse, inkludert land som har støtta
palestinarane si sak gjennom alle år, sa at dei forslag som låg
på bordet ville løyse konflikten og oppfylle palestinarane sitt
ynskje. Men palestinarane sa nei! Og vi fekk responsen den 28. september då
intifadaen starte, sa Melchior.
|
Copyright
© Med Israel for fred
Artikler kan fritt gjengis dersom man oppgir referanse til www.miff.no. |
|
AKTUELT
|
| |
|
ABOUT US
|
|
HVA ER MIFF?
|
|
Hva er
Med Israel for fred? fordeler |
|
AKTIVITETER
|
|
MIFF har de følgende hovedaktiviteter:
torget. debatten. |
|
OM MIFF.NO
|
|
Best på Israel i Norge!
Porten til Midtøsten ble startet i januar 2001. Nettstedet oppdateres daglig med nyheter og bakgrunnsartikler fra Israel og Midtøsten. |
|
TURISTGUIDE
|
|
Planlegger du et besøk i Det hellige land?
|
|
FORUM
|
|
CHAT
|
|
SKOLE
|
|
Skal du skrive oppgave om Midtøsten-
konflikten? Se vår veiledningsside for elever og studenter. |
|
HUMOR
|

|
NYTTIG
|






De israelske forsvarsstyrkene


