Fakkeltog mot antisemittisme

Å gå i fakkeltog er demonstrasjon. 8. november var eg i Kristiansand og gjorde noko eg aldri før hadde gjort: gjekk i fakkeltog for ei god sak. Den gode saka var og er den seige kampen mot antisemittisme og jødehat, – og forsvar for demokratiet Israel, skriver Hallgrim Berg.

Hallgrim Berg. (Arkivfoto: Conrad Myrland, MIFF)
Hallgrim Berg. (Arkivfoto: Conrad Myrland, MIFF)

Målet for arrangementet var å minnast lærdomen frå Krystallnatta 9. til 10. november 1938, opptakten til Holocaust og utryddinga av seks millionar menneske under det nasjonalsosialistiske styret i Tyskland.

Det var Kristiansand-avdelinga av organisasjonen Med Israel For Fred (MIFF) som sto for arrangementet. Samling ved musikkpaviljongen i Wergelandsparken, tenning av faklar, klar appell ved Tor Sigbjørn Utsogn, og deretter lysande avgang for dei mange frammøtte, på kryss og tvers i Kvadraturen, ned handlegata Marken, fram til Ynglingeforeningens møtelokale, og deretter godt gamaldags folkemøte med kulturinnslag, opplysningsforedrag, allsong, boksignering, kaffi og rundstykke, saft og kaker, prat og hyggeleg samver. Gabriel Edland og hans hjelparar fekk det heile til å gli effektivt. Nær to hundre interesserte hadde pressa seg inn. Det var trongt, men dess større stemning.

Krystallnatta er verdt å rekapitulere. Eg gjekk på skule i 22 år, men på desse åra var det ingen som fortalde oss noko særskilt om denne uhyggelege datoen. Vonar det var tilfeldig. Kort nemnt er det tale om ein epokegjerande tragedie med valdshandlingar mot jødar og jødisk eigedom i Tyskland og Austerrike. Krystallnatta fekk namnet sitt på grunn av store mengder knust glas etter at 7000 jødiske butikkar og eit tusental synagoger, bedehus og private husvære vart raserte i ein storaksjon denne natta. Ugjerningane var regissert av nazi-partiet og i stor grad utført av SA og SS og deira handlangarar. Påskotet for terroren var å hemne åtaket på ein tysk tenestemann i Paris, som var skoten av ein polsk-jødisk tenåring tidlegare på dagen. Han gjorde det som reaksjon på handsaminga av 17.000 deporterte landsmenn månaden før, den såkalla Polen-aksjonen.

I propagandaen framstilte dei tyske nazistane det slik at Krystallnatta var utslag av eit folkeleg raseri mot jødar. Heilt sidan Hitler kom til makta i 1933 hadde jødane fått skulda for det meste av alt som var gale i verda. Denne antisemittismen visste også Goebbels å spela på. For sin eine drepne tenestemann ville nazistane ha godt «betalt»: Nær eit hundretal jødar vart avretta på flekken, nye tre hundre måtte bøte med livet før november var omme, nær 27.000 jødar vart pågripne og sendte i konsentrasjonsleir. Mange hundre strauk med av utmatting og fleire vart regelrett myrda. På toppen av det heile var nazistane så freidige at dei gav jødane skulda for alt som hadde hendt, og dei kravde ein milliard riksmark frå jødane for dei materielle skadene som raseringane hadde ført med seg. (I tillegg stal nazistane dei erstatningane på seks milliardar riksmark som for høvet vart utbetalte frå forsikringsselskapa!)

I dag er antisemittismen på nytt i full fart framover. Fordomane blømer, og kunnskapsløysa er botnlaus. Norske jødiske skuleborn blir mobba og trakasserte. Den jødiske synagogen i Oslo har fått fasaden pepra med kulehol. Ei undersøking frå HL-senteret i Oslo viser at 38 prosent av nordmenn har fått det for seg at Israel handsamar arabarane på same måte som nazistane gjorde mot jødane før 2. verdskrigen (!). I Frankrike vart tre jødiske skuleborn drepne tidlegare i år. I Israel er foreldre og sovande speborn snikmyrda på nattetid i sin eigen heim.

Viljen til å blåse uskuldige i lufta er sterk og vedvarande. Hatet er endelaust og framferda fører stundom til episodar som er så groteske at dei kan ikkje setjast ord på.

Den framståande Harvard-professoren Alan Dershowitz har lenge stilt spørsmålet: Kan det vera Israel-hat utan jødehat? Mange i Europa innbillar seg at dei i det uendelege kan drive kritikk av staten Israel utan at det i det heile kan sjåast som kritikk av jødane. Dagstøtt dundrar kritikken mot Israel laus, – kva enn dei styrande i det israelske demokratiet gjer eller ikkje gjer. Den nye israelske ambassadøren til Noreg (tilhøyrande den drusiske minoriteten) og hans viseambassadør (palestinsk kristen) skal sanneleg få det travelt i eit land som i tredve år har hatt ei mediedekning med sterk slagside i radio og fjernsyn. Daglege drypp formar opinionen. Med eller utan statsstøtte.

Antisemittismen er ein giftig svulst. Han ligg der og ulmar, klar til å aktiviserast når tida er inne. Jødeforfølgingane gjennom hundreåra talar sitt språk. Det same gjorde «det konstruktive samarbeidet» mellom Hitler og dei palestinske leiarane. I dag er det totalitære grupper (nynazistar, islamistar og venstresosialistar) som fører an i hatpropagandaen. Røynda er at høgreekstremistar og venstreekstremistar – både i Tyskland og andre europeiske land – dannar usynlege alliansar på universitetsområda for å nøre oppunder ideane om valdeleg antisemittisme.

Sjølvsagt må ein kunne kritisere israelsk politikk utan å herse med jødane som folk. Men då må ein passe på dei argumenta ein brukar. Dersom det blir stilt andre standardkrav til Israel enn til andre statar, då er ein på gyngande grunn. Og dersom ein berre kritiserer Israel, år ut og år inn, berre dreg fram negative trekk og hendingar, og aldri nemner noko frå den lange lista av alt det positive som Israel oppnår for sine innbyggjarar og for verdssamfunnet, då er ein endå meir ute og gyngar.  Og dersom ein dreg fram «folkeretten» berre til Israels ugunst, då er ein rett og slett på villspor.

Sjølvsagt er det ikkje antisemittisk – per definisjon – å kritisere Israel. Stundom kan det vera sider ved Israel sin utanriks- eller forsvarspolitikk som det går an å drøfte og reise innvendingar mot, der som andre stader. Men å utpeike Israel til vanære og gjenstand for internasjonale sanksjonar – ut av alle proporsjonar i høve til nokon annan part i Midtausten – det er antisemittisk. Å behandle jødar og Israel ut frå ein annan mal, og med andre mælestavar enn andre statar, er ikkje berre antisemittisme, men farleg nær rasisme.

Kvifor slik særbehandling? Kvifor ingen Sudan-komite på norske universitet? Er det arabiske folkemordet på kristne i Sør-Sudan utan interesse for norske intellektuelle? Kvifor er det ingen feministorganisasjonar som protesterer mot den hårreisande diskrimineringa av kvinner i muslimske land? Kvifor ikkje ta ein studietur over grensa til Israel og lære noko om rollemodellar og likestilling?

DEL
Forrige artikkelBergens Tidende med avisdebatt mellom Kåre Willoch og Jan Benjamin Rødner
Neste artikkelTo Fajr 5 raketter stanset av Iron Dome over Tel Aviv
Vi ønsker deg velkommen til å kommentere artikkelen!

Med Israel for fred (MIFF) har i våre nettforum og kommentarfelt gitt ytringsfrihet for medlemmer og motstandere siden 2001. Skriv innlegg med ditt egentlige navn og hold deg til saken. Personsjikane er uakseptabelt. Unngå all form for spamming. Brudd på retningslinjer vil medføre sletting av kommentarer eller utestengelse. Vennlig hilsen Conrad Myrland, daglig leder og nettredaktør

Gi en gave til MIFFs arbeid for Israel

Belastes neste mobilregning

Hjertelig takk for din støtte!

Belastes neste mobilregning

Gi gave til bankkonto 78770654539 dersom du ønsker skattefradrag