Dukkert i Dødehavet, kultur i Knesset, geitost på Golan

Om alle nettverk og gode krefter er på plass, blir det truleg ny vårtur i MIFF-regi 25. april til 3. mai 2014. Årets tur var en suksess!

«For kunnskap og hygge» – 24 MIFF- og Israel-venner på Oljeberget. (Foto: Geir Tidemandsen)
«For kunnskap og hygge» – 24 MIFF- og Israel-venner på Oljeberget. (Foto: Geir Tidemandsen)
Denne artikkelen er en gave til deg fra medlemmene i Med Israel for fred (MIFF). Hvis også du blir medlem, kan vi nå ut med sannheten om Israel til enda flere. Er du medlem allerede, håper vi du vil verve en venn nå. Klikk her for å gå til registreringsskjema. Medlemskap er gratis ut året!

«Denne vårturen til Israel gav mersmak, fordi opplegget kombinerer sterk  kunnskapsformidling med hyggelig sosialt samvær og en del «bonusinnslag» som gjør opplevelsen spesiell. Ja, neste gang vil jeg prøve å få med kona!» seier Geir Oddvar Tidemandsen frå Oslo då me sit og duppar på flyet tilbake frå Tel Aviv.

MIFF har nettopp gjennomført sin første «allnorske» studietur for sine medlemer – der deltakarane kom frå Kåfjord i nord til Kristiansand i sør, frå Ålesund til Svinesund, frå Hadeland til Hallingdal. I samarbeid med Sabra Fokusreiser og med Mette Follestad og Hallgrim Berg som «programkomponistar» var det ikkje reint lite gruppa rakk over på åtte dagar.


Tettpakka program

I ei kort skildring som dette er det berre plass til stikkord om programmet. Pangstart frå Hotel Metropolitan i Tel Aviv sentrum til det vakre Caesarea ved havet, til Kapernaum, Saligprisings-fjellet, båttur på Genesaretsjøen med norsk flaggheising og «Ja vi elsker» av full hals, Petersfisk i kibbutz, vidare til toppen av Golan med utsikt mot snødekte Hermon og Damaskus.

 

Rivjern

På veg ned bakkane, og med gradestokken nær 36C, fekk me møte kreative menneske. Eit nybyggjande ektepar som hadde slått seg ned oppi lia i 1984 dreiv – ved sida av lærargjerninga – kvitostproduksjon frå nokre utruleg langbeinte geiter; vinproduksjon av eigne druer (med ein tidlegare syrisk bunker som produksjonshall!); kunstgalleri, restaurant, og butikk med eigne produkt. I tillegg demonstrasjon av korleis folk laga vin, brød og lampeolje to tusen år sidan. «Subsidiar? Nei, me greier oss godt!» sa rivjernet, «men me må sjølvsagt arbeide!»

 

Massada!

Etter gondolutflukt til Massada-fjellet og den utrulege soga om dei 960 selotane som heller gjorde sjølvmord enn å bli fanga av romarane – levande framført av vår kunnskapsrike svenske guide Marie Ben Rei – var det tid for å prøve seg som flytekork i Dødehavet. Deretter storinnkjøp av Ahava-kremar og produkt som Vita-kjeden så stakkarsleg fjerna frå hyllene sine etter press frå Blitz-mobben i Oslo.

 

Jerusalem

Hotel Montefiore ved Ben Yehuda er så sentralt plassert at ein ikkje treng buss eller drosje når ein skal ut på byen, til dømes spasere i den supermoderne handlegata Mamilla, eller i det arabiske kvarteret like ved. Det er sjarm over handlegater med kaotiske labyrintar og eksotiske produkt – frå lærvesker og silkesjal til safrankrydder og andre populære turistprodukt.

MIFF-deltakarane, «førstereis» eller ikkje, tykte det var stort å oppleva Oljeberget, Getsemane, Via Dolorosa, Golgata og dei mange stadene me hugsar frå barneskulen. Det imponerande Israel museum og Dødehavsrullane er obligatorisk for opplyste ferdafolk. Og alle tykte det var spanande å sleppe inn i Knesset til spesialomvisning, ikkje berre for å sjå den storfelte kunsten til Chagal, men òg å koma seg ned i bombesikkert konferanserom og høyre eit drivande politisk foredrag frå statsråd Uzi Landau.

 

Skeiv Israel-dekning

Møtet med utebuande nordmenn i Tel Aviv var opplysande. Bjørn Bæra, kommunikasjonsekspert frå Hallingdal, seier seg oppgitt over den skeive nyheitsdekninga i Noreg av forhold han kjenner frå sjølvsyn gjennom mange år. Han reagerte kraftig då Israel fekk norsk overhøvling for å gå inn med militæraksjonar i Gaza. Etter at fleire tusen rakettar hadde hagla inn mot Israel i lang tid, utan at norsk presse hadde reagert, vart det full ståhei og leven då Israel omsider slo tilbake. Norske media kritiserte så kvart einaste israelske steg, utan å referere til korleis den andre sida brukte kvinner og born som menneskelege skjold.  No er det «på’n igjen» frå palestinsk side, utan at europeisk presse bryr seg. «Sjølv har eg nettopp måtta flytta frå Ashdod til høghus i Tel Aviv for å koma meg vekk frå den evige rakettrusselen,» fortel Bjørn Bæra.

 

Talande museum

Yad Vashem, det nasjonale minnesmerket for dei seks millionar jødar som nazistane tok livet av, er ei sterk oppleving. Israelarane er spesialistar på formidling av kunnskap gjennom ein heilskap av arkitektoniske løysingar, pedagogiske opplegg og bruk av teknologi. Det nye Rabin-senteret, som viser utviklinga av det moderne Israel sett gjennom Yitzak Rabins augo, og med bilete som talar direkte til deg på engelsk når du ser på dei, er effektiv historieformidling!

 

Minneboka

Kva deltakarane hugsar best? Kanonadane med informasjon? Dei bugnande matborda?  Stranda i Tel Aviv? Muntre bussturar og vakker natur? Austrian Hospice, den overraskande oasen midt inni den hektiske Gamlebyen? Godvêret på Genesaretsjøen?

 

Neste år

Om alle nettverk og gode krefter er på plass, blir det truleg ny vårtur i MIFF-regi 2014, truleg mellom 26. april og 3. mai.

Beste helsing,

Hallgrim Berg

Mette Follestad

 

Forrige artikkelBayit Yehudi støtter forslag om allmenn verneplikt
Neste artikkelRakett fra Sør-Libanon i retning av Israel
Vi ønsker deg velkommen til å kommentere artikkelen!

Med Israel for fred (MIFF) har i våre nettforum og kommentarfelt gitt ytringsfrihet for medlemmer og motstandere siden 2001. Skriv innlegg med ditt egentlige navn og hold deg til saken. Sjikane er uakseptabelt. Unngå all form for spamming. Brudd på retningslinjer vil medføre sletting av kommentarer eller utestengelse. Vennlig hilsen Conrad Myrland, daglig leder og nettredaktør

Gi en gave til MIFFs arbeid for Israel

Belastes neste mobilregning

Hjertelig takk for din støtte!

Belastes neste mobilregning

Gi gave til bankkonto 78770654539 dersom du ønsker skattefradrag

- Bli fastgiver til MIFF på 10 sekund! -