Klikk her for å bli medlem nå!

Kom til Nordic Israel Congress 10.-12. mai som fortsetter i stor fellesmarkering mot Israelhatet 12. mai.

«Det perfekte reisemål» – Israel i april

Første dag på turen: Tjue forventningsfulle nordmenn med båt utover Gennesaretsjøen. «Ja, vi elsker» – medan flagget går til topps.
Første dag på turen: Tjue forventningsfulle nordmenn med båt utover Gennesaretsjøen. «Ja, vi elsker» – medan flagget går til topps.
Bli med Hallgrim Berg og Mette Follestad på 11 dagers tur til Israel fra 20. april 2018!

Når Kari og Ola skal på tur til andre land, er det fire grunnleggjande spørsmål dei stiller: Er det noko å sjå der? Er det sol? Er det god mat og drikke der? Er det trygt?

Etter mange år med utforsking av landet, samfunnet  og reiselivsproduktet  Israel – og med samanlikningar frå andre reisemål – kan me slå fast følgjande: Israel i slutten av april er den perfekte staden for dei som vil ha eineståande opplevingar i vakre og trygge omgjevnader!

Caesarea Filippi: Mette Johanne les bibelteksten «on the spot» i Banjas, der det underjordiske vatnet frå Hermonfjellet strøymer ut i dagen i retning Jordan-elva.
Caesarea Filippi: Mette Johanne les bibelteksten «on the spot» i Banjas, der det underjordiske vatnet frå Hermonfjellet strøymer ut i dagen i retning Jordan-elva.

På denne tida er det vår i Israel, men for oss besøkande frå nord er det sommar – garantert solskin og passe varmt – med eit par og tjue grader på høgdedraga i Jerusalem, nokre hakk varmare på stranda i Tel Aviv, dugeleg varmt nede ved Dødehavet, men med svalande vinddrag  oppe på Golan. Difor heiter turen: «Nyt forsommeren i Israel.»

Og kven er så desse «me» eller «vi» som inviterer? Det er Mette Johanne Follestad (49) og Hallgrim Berg (72), som meiner at alle oppegåande menneske – med interesse for kulturarv, historie, samtid og framtid – bør ta seg tid til å besøke dette fantastiske landet minst ein gong i livet. Begge har tilknyting til MIFF og brukar av fritida si for å lose interesserte gjennom 10 – 11 innhaldsrike dagar. MIFF er samarbeidspartnar, men turen er open for alle  – anten ein er medlem eller ikkje.

Besøk hjå pionerbønder på Golan: Vår norsktalande guide, Jechiel Porat, er med og serverer smaksprøver av ostar og vinar frå gardens eigen produksjon.
Besøk hjå pionerbønder på Golan: Vår norsktalande guide, Jechiel Porat, er med og serverer smaksprøver av ostar og vinar frå gardens eigen produksjon.

– Det er ei heilt spesiell stemning ved å vera i Israel. Det å kunne gå rundt og ‘ta på’ og ‘være i’ verdenshistorien, er utrolig sterke opplevelser! Tenk deg å sitte i Getsemane-hagen, å være om bord i båt på Genesaretsjøen, å høre kjente tekster fra Bibelen om hendelser som fant sted akkurat der du befinner deg. Oljeberget, Via Dolorosa, Golgata, Gravhagen, Israel Museum, Independence Hall, dokumentasjonssentrene over Rabin og Begin sine livsverk, informative møter hos Palestinian Media Watch, bussturer til Haifa og Caesarea ved Middelhavet, spasering langs mosaikken ved veddeløpsbanen til Herodes, det yrende folkelivet i basarene i Jerusalem, tipp-topp moderne kjøpesentre i Jerusalem og Tel Aviv, Israel som stormakt innen medisin, miljø og høyteknologi. Mulighetene for gode opplevelser er svært mange, seier Mette.

Palestinian Media Watch: Lærerik innføring frå direktør Itamar Marcus om korleis staten Israel og jødane blir framstilte i offisielle arabiske media – gjennomført hat frå toppnivå ned til skule og barnehagar.

Kva gjer mest inntrykk? Hallgrim held ein knapp på «komitemøte» med kjente politikarar i Knesset. Eller omvising  oppe på det dramatiske Massada? Eller kibbutz-besøk med ein leksjon om korleis ørkenen kan bli fruktbar gjennom vatning og vilje til arbeid, eller gardsbesøk blant modige vindyrkarar på Golanhøgdene, med utsyn til eit snøkledd Hermon? Eller er det den bivrande spenninga ved å passere portar som skil ulike kulturar og levemåtar så klart? Ingen annan stad på jorda kan ein møte tre verdsreligionar med berre nokre meters fråstand!

Bahai Gardens: Dei symmetriske hagane rundt Bahai-tempelet i Haifa, utvikla i 19 terrassar frå byen og oppover mot Karmelfjellet, er på kort tid blitt ein stor attraksjon i byen som er mest kjent for universitet, vitskap og høgteknologi.

Ja, og for ein overraskande kontrast, legg Mette til, når gruppa  – midt inne i stimen og ståket i Gamlebyen – går rett inn ei plankedør og kjem inn i «oasen» Austrian Hospice, der blide nonner står klare og viser vegen til ein heimelaga lunsj i ein kjøleg og stille restaurant under jorda!

Både i Galilea, Jerusalem og Tel Aviv plukkar reisearrangøren ut sikre hotell med høg komfort og bugnande matbord.

Gatehandel: I Jerusalem og Tel Aviv er marknads- og gatehandelen livleg, med matvarer, knask og krydder, smykker og stas, tekstilar – og her prøving av solhattar (som i kofferten kan rullast i hop som ein lefsekling). Gudrun Hesselberg og Unni Andresen slår til og handlar.

Det å vera turist i Israel – i samarbeid med lokalt jødisk reiseselskap, arabisk sjåfør og norsktalande guide – er såleis det næraste ein kan koma trygg reise, nokon stad!

Kan du hjelpe på én eller flere måter?

  1. Bli medlem (fyll ut skjemaet under)
  2. Gi en gave til MIFFs informasjonsarbeid for Israel.
  3. Bestill MIFFs bøker – passer veldig godt som gave både til Israel-venner og folk som er kritiske til Israel.
  4. Bestill flyers med israelernes beste argumenter til utdeling.

Denne artikkelen kan du lese gratis på grunn av over 13.000 MIFF-medlemmer og andre frivillige givere. Men vi trenger støtte fra mange flere nå!

Gi gave her eller Vipps 39881

Bli medlem ved å fylle ut skjemaet under og trykk «send»!

Gi en gave til MIFFs arbeid for Israels sak

Med noen få klikk kan du gi med mobilen din.

0

Your Cart