Kvifor reise til Israel?

Les Hallgrim Berg og Mette Johanne Follestads reiseskildring fra turen de ledet forrige måned.

Plussreiser/MIFF–gruppe ved verdas største Soda Steam-flaske. (Foto: Hallgrim Berg)
Denne artikkelen er en gave til deg fra medlemmene i Med Israel for fred (MIFF). Hvis også du blir medlem, kan vi nå ut med sannheten om Israel til enda flere. Er du medlem allerede, håper vi du vil verve en venn nå. Klikk her for å gå til registreringsskjema. Medlemskap er gratis ut året!

KVIFOR REISE TIL ISRAEL?

I samfunnsdebatten er det interessant å registrere dei bastante påstandane om Israel, særleg frå folk som aldri har sett sin fot i landet. Det er ikkje måte på den kritikken som Israel – og Israel åleine – stadig blir utsett for. Difor er det viktig å få nordmenn til å besøke Israel. Dersom synspunkta i ordskiftet ikkje byggjer på faktiske forhold, men på oppspinn og einsidig propaganda, kan både debatten og demokratiet bli ein vits.

Mangfaldige interesser

Så spørs det kva ein turdeltakar er ute etter. Er det å få sjå og oppleva dei stadene som har leika i fantasien heilt sidan bibelsogetimane i skulen, Oljeberget, Getsemane, Golgata… Er det å dra på religiøs pilegrimstur, som dei baptistkvinnene frå Mississippi me møtte ein gong, der dei stod til knes i Genesaretsjøen, lykkelege og song salmar, time etter time? Eller er det interesse for historie og samfunn, å kunne gå rundt og «ta på» verdshistoria? Eller har du lyst til å lære noko om det moderne Israel, om leveforhold, økonomi, kultur, forskning, innovasjon og politikk? Eller er formålet å sole seg og bade?

Tidlege jordbær frå Negev, takk vera sol, avansert energitilførsel og resirkulert vatn frå Tel Aviv og dei 23 kommunane i Dan-prosjektet. (Foto: Hallgrim Berg)

Det er då me som reiseleiarar spør: Då dagens Israel kan by på det aller meste, kvifor ikkje kombinere desse mange ønskjemåla? Årets tur i regi av Plussreiser – i samarbeid med MIFF –  hadde tittelen «Vårtur til Israel med hygge, nye impulser, større innsikt». I ettertid er det uendeleg med inntrykk frå eit rikhaldig 11-dagars program. Difor vil me her særleg nemne eit par innslag som var nye av året.

Ørken og solenergi

3.april. Bussen køyrer sørover mot Negev-ørkenen og kibbutzen Sde Boker, til besøkssenteret der David Ben-Gurion budde, og der det utviklar seg ein by  med stor vekst og framgang, universitet og forskningsstasjonar. Brått dukkar det opp ei enorm lyskule høgt oppi lufta, oppå ei skyhøg søyle, liknar på ei fabrikkpipe. Men ingen røyk. Skjønnar ingen ting!

«Kraftverk i lause lufta» – speilrefleks av solstrålar på bakken råkar kula på toppen av søyla, og skaffar energi til tusentals familiar i Negev. (Foto: Hallgrim Berg)

På universitetet møter me professor David Faiman, som forklarar: – Det de såg, er eit kraftverk. – Kraftverk i lause lufta? – Ja, hadde de gått eit stykke bortover i terrenget, ville de ha sett 64.000 speglar som ligg på bakken, innstilte i vinkel slik at solrefleksane strålar mot den svære kula på toppen, og der den intense varmen driv generatorar som sender energien i straumkablar ut til hushaldningane i områda rundt. Huset mitt blir både oppvarma og nedkjølt døgnet rundt – sommar som vinter – med smart bruk av solenergi.

Professor David Faiman ved Ben Gurion University i ørkenbyen Sde Boker – fortalde entusiastisk vår gruppe om det store potensialet i solenergien. (Foto: Hallgrim Berg)

Vatn til vekst og velsigning

Men skal ørkenen utviklast, må det til vatn. Ved Igudan, sør for Tel Aviv, blir kloakk og utslagsvatn frå 23 kommunar og nær tre millionar menneske samla, reinska og resirkulert, til glede for jordbruk, hagebruk og industri. Og,  «raffinert» endå eit par rundar, vatn til menneskeleg bruk, innvortes som utvortes, for etter eit års ventetid med langsam filtrering gjennom førti meter djup ørkensand, kan innbyggarane nyte eit produkt  som er like klart og reint som bekken oppunder Hallingskarvet.

Alt dette blir ført sørover. Med vatn følgjer folk. Nordre Negev er i dag i ferd med å bli sivilisert gjennom menneskeleg innovasjon og arbeidslyst.

Israel er suverent verdsleiande på resirkulering av vatn, over 90 prosent, mot 20 prosent i Spania og 15 i USA. Dryppvassteknologien er på tilbod til jordbruk i inntørka arabarland rundtom i Midtausten, men dei muslimske leiarane vil ikkje handle med jødar.

Eventyret SodaStream

På vegen heim frå ørkenen denne dagen, og med vår eminente guide Jechel Porat i spissen, venter eit anna høgdepunkt i beduinerbyen Rahat; den nye SodaStream-fabrikken.

Mange nordmenn har investert i SodaStream, dette utstyret som enkelt lagar boblevatn tilsett med den smaken du sjølv vil ha. Eit par år sidan var det politisk BDS-kampanje for boikott av selskapet, fordi fabrikken låg på «okkupert land», og den palestina-arabiske arbeidsstokken på 800 mann vart visstnok utnytta på verste kapitalistiske vis, iflg. enkelte norske aviser. 

SodaStream flytta frå Vestbreidda til beduinbyen Rahat i Negev-ørkenen i Israel – ikkje på grunn av politisk press frå BDS – men sterk vekst med behov for større areal og nye fasilitetar. (Foto: Hallgrim Berg)

Då fabrikken flytta frå «Vestbreidda» til Israel i 2016, hadde det ingen ting med presset frå kampanjen å gjera, seier direktør Daniel Birnbaum. Men selskapet var og er i snøgg vokster, og har måtta funne seg nye areal og bygt langt større lokalitetar i Israel. Etter flyttinga har talet på tilsette no nådd 2300. Av desse er sju hundre beduinar, mange av dei kvinner som ikkje tidlegare har vore ute blant andre folk, her er israelarar, drusarar, etiopiske jødar, kristne m.fl. Og dei mest dedikerte palestinarane frå gamlefabrikken er med på eventyret. Direktøren fortel at mange av dei har fått pendlarbustad nær fabrikken, her dei bur gjennom heile veka for å sleppe den tidkrevjande transporten kvar morgon og kveld gjennom sjekkpunkt ved grenseovergangane.

SodaStream – fabrikken er «eit FN i miniatyr» – eller Daniel Birnbaums «Island of Peace» – med 2300 tilsette, der beduinsk, jødisk, arabisk, drusisk og etiopisk arbeidskraft fungerer fin-fint side om side. (Foto: Hallgrim Berg)

For oss besøkande framstår SodaStream som eit lite FN, eller som Daniel Birnbaum kallar det, «eit fredsparadis» med høgst ulike folkegrupper som arbeider side om side. Dei me snakka med, er tydeleg godt fornøgde med løn og sosiale ordningar.

Som reiseleiarane har sett før, innan sport og idrett, musikk og dans, går samarbeidet mellom jødar og arabarar fin-fint på grasrotplan, så lenge  prestisjefylte politikarar og beinharde islamistar held fingrane av fatet…

Opplevingar i kø

Og elles: Gardsturisme og vinsmaking på Golan-høgdene, Via Dolorosa og Vestmuren, Gravhagen, Yad Vashem og Israel Museum, Dødehavsrullane, grensevisitt ved Gaza, innblikk i antisemittisme og arabisk tenkemåte hos Palestinian Media Watch, Begin-senteret, veddeløpsbanen til Herodes, naturidyll i Caesarea ved havet og på Karmel-fjellet, dupp i Dødehavet og dukkert i Middelhavet…

Det fargerike og yrande Carmel Market i Tel Aviv er alltid verdt eit besøk. Er det tilfeldig at talet 613 frø i eit granateple er identisk med talet 613 (påbod og forbod i Code of Jewish Law)? (Foto: Hallgrim Berg)

Ikkje å undrast at turismen i Israel når nye høgder, og dreg seg mot 5 millionar. Direktefly frå Oslo, ny jernbane frå Tel Aviv til Jerusalem, moderne bytrikk i hovudstaden, og ny internasjonal flyplass ved Eilat, gjer det stadig lettare å dra til landet og ta seg lettvint fram. Året rundt. – God tur!

Helsing, reiseleiarane,

Mette Johanne Follestad og Hallgrim Berg

Nær grensa til Gaza – mange optimistiske husbyggarar i området. (Foto: Hallgrim Berg)
Forrige artikkelHva de fleste muslimer har misforstått om jødene
Neste artikkel– Hvorfor antisionisme er mer dødelig enn antisemittisme
Vi ønsker deg velkommen til å kommentere artikkelen!

Med Israel for fred (MIFF) har i våre nettforum og kommentarfelt gitt ytringsfrihet for medlemmer og motstandere siden 2001. Skriv innlegg med ditt egentlige navn og hold deg til saken. Sjikane er uakseptabelt. Unngå all form for spamming. Brudd på retningslinjer vil medføre sletting av kommentarer eller utestengelse. Vennlig hilsen Conrad Myrland, daglig leder og nettredaktør

Gi en gave til MIFFs arbeid for Israel

Belastes neste mobilregning

Hjertelig takk for din støtte!

Belastes neste mobilregning

Gi gave til bankkonto 78770654539 dersom du ønsker skattefradrag

- Bli fastgiver til MIFF på 10 sekund! -