Klikk her for å bli medlem nå!

Kom til Nordic Israel Congress 10.-12. mai som fortsetter i stor fellesmarkering mot Israelhatet 12. mai.

Hallgrim Berg roser Dagbladet

Hallgrim Berg. (Foto: Marion Haslien)
I et innlegg på Facebook om boikott av Eurovision i Israel gir Hallgrim Berg både ros og ris. (Foto: Marion Haslien)
Samtidig tar han et oppgjør med dem som vil boikotte Eurovision.

Hallgrim Berg er en tidligere stortingspolitiker, bestselgende forfatter, sekretær i MIFF Hallingdal og en mye brukt foredragsholder i MIFF. I et innlegg på Facebook tar han et oppgjør med artister som ønsker å boikotte neste års Eurovisionfordi konkurransen skal arrangeres i Israel.

Innlegget til Berg er så godt skrevet at vi gjengir det i sin helhet her:

Det er eit merkeleg fenomen at «kulturarbeidere» eller andre – som aldri har sett sin fot i Israel – stadig er klare til å kaste seg på anti-israelske opprop og fantasifulle boikottar. Dei siste vekene har det vore «in» å ville ta frå Israel vertskapet av neste års arrangement av Eurovision Song Contest, sjølv om Israel hadde vunne tevlinga dette året, og ikkje skal gjera anna enn å følgje regelverket på området.

Initiativet kom frå «palestinske kulturarbeidere,» og når ei eller anna jødehatande gruppering i palestina-arabiske område seier «hopp!» – ja, så er det nordmenn som utan tvil hoppar, – i dette tilfellet eit tjuetal meir eller mindre kjende «artister.» Og sjølvsagt, med innebygd applaus frå talsmenn i presse og organisasjonsliv.

Då var det – etter mitt syn – gledeleg at sjølvaste Dagbladet sette skåpet på plass i ein leiarartikkel: Akademisk og kulturell boikott er ikkje vegen å gå. Eit levande kulturliv krev at ein er open for nye impulsar og at menneske og idear møtest. Det er dette som er dialog i praksis. Dessutan er det viktig å ha klart for seg: Å skulle boikotte Eurovision er «en total selvmotsigelse, for EBU kan ikke boikotte et land der det nasjonale kringkastingsselskapet både er medlem og vinner av Eurovision-konkurransen.»

– Det skulle ha teke seg ut at priviligerte kunstnarar og politiske lobbyistar her heime, som talar vent om kulturliv og menneskerettar, skulle ha fått gjennomslag for akademisk og kulturell boikott av eit land med ytringsfridom, demokrati og rettsstat, og, ikkje minst, med åndsliv, intellektuell standard, kunst- og kulturprestasjonar på høgste nivå!

Ja, kanskje me har noko å lære?


Israel er under angrep fra Iran – vis din støtte nå!

  1. Bli medlem (fra kr. 4 per uke)
  2. Gi en gave til MIFFs informasjonsarbeid for Israel. Vipps 39881
  3. Bestill MIFFs bøker – passer veldig godt som gave både til Israel-venner og folk som er kritiske til Israel.
  4. Bestill flyers med israelernes beste argumenter til utdeling.

Gi en gave til MIFFs arbeid for Israels sak

Med noen få klikk kan du gi med mobilen din.

0

Your Cart