Les Hallgrim Bergs reaksjon til TV2

Onsdag ettermiddag serverte TV2 tre intervjuer på rad, det ene mer Israel-fiendtlig enn det andre. Hallgrim Berg, sekretær i MIFF Hallingdal, reagerte umiddelbart med e-post til TV2. Les reaksjonen her!
Hallgrim Berg. (Foto: Marion Haslien)
I et innlegg på Facebook om boikott av Eurovision i Israel gir Hallgrim Berg både ros og ris. (Foto: Marion Haslien)

Vi gjengir i sin helhet e-posten som Hallgrim Berg sendte til TV2.

 

Emnefelt: Makaber Israel-demonisering på Nyhetskanalen

Gode TV2

Nyhenderedaksjonen

 

Såg nettopp tre (!) intervju, (kl.16.05) på rad og rekke,  det eine meir Israel-fiendtlege enn det andre – basert på svak faktakunnskap.  Det var tale om kulturell og økonomisk boikott, sanksjonar, riving av muren, krav om at Solberg og Brende må på banen, osv. – heile arsenalet av Palestina-komiteens kampsaker og  einsidige virkemiddel. MIFF, som er ein dobbelt så stor organisasjon som Palestinakomiteen, vart ikkje intervjua for kommentar.

Intervjuaren gjekk ikkje til grunnen eller bakgrunnen for siste dagars opptrapping. Slik reportasjen no står, er det igjen Israel som har «skylda» for uro og elendigheit i Midtausten. Kvar er spørsmåla om den konstante islamistiske terroren? Kvar er spørsmåla til Hamas og PA-talsmennene om kvifor dei framleis vil utrydde Israel og jødane?  Kva med rakettutskytingane som har pågått kontinuerleg i fleire år? Kvifor er det ingen som seier at «muren» er tre prosent betong og 97 prosent elektronisk tryggingssone ? Muren fekk talet på terrordrap ned frå 400 til nesten null pr. år. Kva er det som hastar så fælt med å rive den ned? Den er jo ikkje sett opp for å halde palestinarane inne, men for å halde terroristar ute.

Vil TV 2 vera bekjent av å ville bruke si mediemakt til å DEMONISERE Israel i norsk opinion? Kjem det snart «counterbalanced stories», og finst det vilje i redaksjonen til å få fram journalistar i som har nok kunnskapar til å kunne formulere enkelte kritiske spørsmål også til norske PA-klakkørar?

Klokka er 16.30, no byrjar det visst på nytt… Sjukehuset er så dårleg utsyrt. Kvifor spør de ikkje om kvifor det er nedslitt og «utan medisiner» (Gilbert); kvifor ikkje bruke nokre av dei hundretals millionar til dette, som Noreg gir kvart einaste år? Kvifor stiller ikkje det uavhengige TV 2 spørsmål  om dette?

Det er superenkelt å gi en gave til MIFFs arbeid for Israel

Klikk bildet og gi en gave med din mobiltelefon på noen få sekunder. Belastes din neste mobilfaktura.       


Du kan også gi en gave med å sende kodeordet GAVE med SMS til 1948. Standard 250 kroner, skriv eventuelt annet beløp etter GAVE i meldingen. 

Ingen artikler å vise