Klikk her for å bli medlem nå!

Kom til Nordic Israel Congress 10.-12. mai for å høre svært aktuelle foredrag. Vær rask med påmelding, begrenset antall plasser.

MIFF Voss skipa

Jens Jorde og Hallgrim Berg (Foto: Tor-Bjørn Nordgaard)
Jens Jorde og Hallgrim Berg (Foto: Tor-Bjørn Nordgaard)
I møtet på Kveik onsdag 20. mars vart det skipa lokallag av Med Israel for fred (Miff) på Voss.

Onsdag 20. mars ble MIFFs lokallag nummer 30 stiftet på Voss. Det kom over 50 personer for å høre foredragene til Hallgrim Berg og Jens Jorde, og nesten halvparten meldte seg inn som nye medlemmer. Bjarne Gjerme har laget dette referatet fra foredragene.

 

Hallgrim Berg starta sitt foredrag med den ferske undersøkinga av folk si lukkekjensle. Noreg en nesten i toppen av denne lista. Israel er nr. 8. Av dei 169 landa som var med i undersøkinga var dei muslimske landa heilt på botnen.

Alt så tidleg som i 1848 var det jødisk fleirtal i Jerusalem, seier historikaren Hallgrim Berg. Dei jødiske innvandrarbylgjene vidare framover vart ein magnet på arabarar som strøymde til då det vart arbeidsplassar og økonomisk vekst.

Folketalet i Israel er 15-dobla frå vel ein halv million i 1948 til ni millionar i dag. Berg understrekar kor ope og vel fungerande det demokratiske samfunnet Israel er. Israels høgsterett nyt stor respekt internasjonalt. Berre 0,2% av verdas folketal er jødar, men 22% av alle nobelprisar har gått til jødar.

Berg tek for seg den merkelege arabisk-islamske tankegangen som har nemninga Waqf: Landområde som ein gong har vore under islamsk styre , er deira eigedom. Eit av døma er byen Tel Aviv ved Middelhavet. Då innvandra jødar tok til å byggja der i 1911, var der berre sanddyner, no er det ein millionby. Arabarane ser på Tel Aviv som «ei busetjing» som dei dermed har krav på, seier Berg. Også andre landområde som t.d. Andalusia (Spania), som var under islam i 6-700 år fram til 1492 (maurarane), meiner dei då også å ha krav på, seier han. Og Judea og Samaria (Vestbreidda), som mange no trur at Israel er okkupant av, har aldri vore del av nokon stat etter at det gamle Israel gjekk i oppløysing i romartida, understrekar Berg.

Til slutt nemner Berg islam sin frammarsj på vårt kontinent i vår tid. Det er no ca. 9000 moskear i Europa, i hovudsak finansiert av Saudi-Arabia.

Berg hadde også med seg Jens Jorde, leiar av MIFF-laget i Hallingdal. Jorde hevda at det har vist seg at det slår attende på dei landa som forfylgjer sine jødar. Som døme nemner han Tyskland i nazitida, og arabarlanda som jaga ut ein million jødar frå landa sine på nokre få år frå 1948. Han meiner også at Noreg er det verste landet i den frie delen av verda når det gjeld negative haldningar til Israel, berre Sverige kan konkurrera. Nordmenn sitt syn på konfliktane i Midtausten heng mykje saman med dei daglege drypp og vinklingar frå NRK (til dømes Odd Karsten Tveit og korpset av venstreorienterte korrespondentar gjennom mange år) attåt det som vert formidla via NTB sine framstillingar ut mot norsk presse.

Jens Jorde har store kunnskapar om det moderne Israel. Han harselerer litt over Palestinakomiteen og andre som er opptekne av å boikotta Israel, samstundes som dei er like avhengige av israelske nyvinningar som alle andre. Jødane brukar ikkje energien sin på å hata folk, heller ikkje arabarar, seier han, og me forstår at dette er medverkande til den enorme framgangen i Israel. Det islamske hatet er pressa ned idet arabiske folket av leiarane deira, legg han til.

Ved sida av USA er Israel heilt på verdstoppen når det gjeld datateknologi, seier Jorde. Han nemner selskap som Microsoft, Google, Apple og Facebook. Intel alene har kjøpt seg opp og planlagt investeringer på opp mot 390 milliarder kroner i Israel. Landet er fremst i verda på vatn-teknologi med avsalting av sjøvatn. 90% av kloakkvatnet vert reinsa og brukt til jordbruksvatning, fortel han. Jorde framhevar også dei store framstega Israel har gjort på medisinsk forsking, og avansert sjukehusutstyr.

Utviklinga av Israel sin våpenindustri starta etter ein kritisk situasjon då Frankrike i 1967 nekta å levera reservedeler til våpen dei tidlegare hadde levert, fortel Jorde. No er Israel heilt i toppen her også. Når det gjeld droner er det berre USA og Israel som har fått til noko som fungerer. Iron Dome er det berre Israel som har fått til, seier han. Det greier å uskadeleggjera dei fleste kortdistanserakettane før dei når målet. Han opplyser at det er sendt 15000 rakettar mot Israel frå Gaza etter at Israel i von om fred drog seg ut derifrå i 2005.

 


Kan du hjelpe på én eller flere måter?

  1. Bli medlem (fyll ut skjemaet under)
  2. Gi en gave til MIFFs informasjonsarbeid for Israel.
  3. Bestill MIFFs bøker – passer veldig godt som gave både til Israel-venner og folk som er kritiske til Israel.
  4. Bestill flyers med israelernes beste argumenter til utdeling.

Denne artikkelen kan du lese gratis på grunn av over 13.000 MIFF-medlemmer og andre frivillige givere. Men vi trenger støtte fra mange flere nå!

Gi gave her eller Vipps 39881

Bli medlem ved å fylle ut skjemaet under og trykk «send»!

Gi en gave til MIFFs arbeid for Israels sak

Med noen få klikk kan du gi med mobilen din.

0

Your Cart