Beskylder Tromsø for venstresosialistisk hykleri

Hallgrim Berg mener Tromsøs vennskapsby-forhold til Gaza er kritikkverdig.

Hallgrim Berg kritiserer Tromsø by for det han kaller venstresosialistisk hykleri. (Foto: Ole Johs)

Før du leser videre, vil vi takke deg som er medlem av MIFF og gjør det mulig for oss å drive dette nettstedet. Er du ikke medlem ennå, vil vi invitere deg til å betale kontingent for 2021 nå. Da gir vi deg resten av år 2020 gratis.

Hallgrim Berg, sekretær i MIFF Hallingdal, forfatter og foredragsholder, har denne uken flere foredrag for MIFF i Nord-Norge med tittelen «Den evige kampen for Israels leverett». Første foredrag er i Alta tirsdag 11. februar, andre foredrag er i Hammerfest onsdag 12. februar, før mini-turneen avsluttes i Tromsø torsdag 13. februar. Komplett møteoversikt finner du her.

I forbindelse med rundreisen i Nord-Norge har Berg skrevet et leserinnlegg i avisen Nordlys om Tromsøs valg av Gazy by som vennskapsby. Innlegget er publisert på nettsiden nordnorskdebatt.no. Berg har gitt MIFF tillatelse til å gjengi leserinnlegget i sin helhet:

«Mange kommunar i landet har eit visst internasjonalt engasjement  i form av «twin cities» og vennskapsbyar i andre land.  Samarbeid i Norden dominerer, med verdfulle kurs, seminar, kultur- og kunnskapsutveksling, publikasjonar og ymse prosjekt med deltaking frå bl.a. frivillige organisasjonar.  

Nokre få større byar (Trondheim, Stavanger, Tromsø) har akademiske, politisk-ideologiske miljø som gjerne vil drive utanrikspolitikk gjennom kommunen. Eit godt døme er den pro-palestinske aktivismen som går ut frå ein venstresosialistisk kjerne, alltid med ein taktisk plan om å vinne eit fleirtal i bystyret for å forplikte kommunen og skattebetalarane.   

Samkjensle med fattigfolk og uheldigstilte i den store verda er noko me alle ber på, og difor er det brei demokratisk aksept for at landet vårt løyver milliardar til menneske og samfunn i den tredje verda.

Verre er det når venstreaktivistane (SV, Rødt, halve Ap og trekvart MDG, pluss slengarar i V og Sp) trakkar rett inn Israel-Palestinakonflikten, tek einsidig standpunkt, og brukar «solidaritet» med den eine sida som ei brekkstong mot den andre. Eigentleg gjeld det her – meir enn noko anna – om å sverte, plage og motarbeide Israel. Den aggressive politikken mot jødane, mot dei styrande, mot  staten og demokratiet Israel ser ikkje ut til å ha nokon ende. Antisemittismen ulmar.

Då Tromsø har vedteke ein strategi for internasjonal solidaritet, lyder det slik: «Tromsø kommune skal være en pådriver … i å fremme menneskerettigheter og likeverd. Brudd på grunnleggende menneskerettigheter skal ikke tolereres, uansett hvor i verden det skjer.» 

Men på dette grunnlaget er det folk undrar seg landet rundt: Kvifor skal Tromsø kommune  stå fremst i rekka for å hykle med Gaza, ein stad der Hamas-regimet fører ein totalitær, anti-demokratisk politikk mot sine eigne innbyggjarar, undertrykker menneskerettar og meiningsytringar, har avskaffa demokratiet og frie val, har stroke Israel frå kartet, manar til hat i sitt eige skuleverk mot jødane, belønnar sine drapsmenn progressivt («dess fleire jødar du drep, dess høgare løn får du til familien din»),oppkallar nye skular og stadion etter terroristar og drapsmenn, kastar homofile ned i gata frå høge bygningar, driv med moralpoliti overfor ungdom og kvinner som kler seg «usømeleg»,osv. Eit regime med vilkårleg avretting (nakkeskudd på «spionar») som skal ha samarbeidd med sionistane. 

Kan veljarane  i Tromsø (og eit par-tre andre byar) i fullt alvor vera med på å arbeide for Hamas på Gaza, – ein organisasjon som innfører sharia-lovgjeving, er militant og islamistisk, ja som har utsletting av Israel som målsetjing! Bak står Iran og forsyner islamistane med pengar og våpen, og har sjølve hengt opp ei stor klokke på gata i Teheran som viser nedtellinga mot utsletting av Israel seinast i 2040.

I «den lokale utanrikspolitikken» her i nord inngår det stadige oppfordringar om boikott av israelske varer, akademisk og kulturell og sportsleg boikott, opprop mot å delta i ei internasjonal songtevling i Tel Aviv, nei til amerikansk ambassade i Jerusalem, osv. 

For å sjekke kvaliteten i argumentasjonen i ein del utvalde tema på ytre venstre fløy, gjekk eg inn på Palestina-komiteen sine nettsider. Eg vart stum.  Sist mai var eg i Israel og opplevde Soda Stream-fabrikken på nært hald, der jødar, palestinarar, drusarar, beduinar, russarar og andre arbeidde i lag under gode økonomiske og sosiale forhold.  Soda Stream er eit veldrivi og ekspanderande industrieventyr, som har ein serie stikk motsette kjenneteikn av den negative propagandaen som møter ein fåkunnig lesar på nettet og i Klassekampen.

Då eg i fjor var på reise i dette blomstrande landet for sjuande gong på like mange år, og møtte høg og låg, var det særs interessant å få stadfesta følgjande: Blant dei 1.8 millionar palestina-arabarar som bur fast og jobbar inne i Israel, er det eit stort fleirtal som framleis vil vera i Israel sjølv om det snart skulle bli ein ny, eigen palestinsk stat. Kvifor? Fordi den jamne arabar inne i Israel har det betre og tryggare enn arabarar flest i sine 21 land.

Eg trur mange tromsøværingar har gode idear om meir fornuftig pengebruk enn å la ideologiske kjepphestar få forsyne seg av kommunekassa. 

Kvifor ikkje laga ein studiering som går sjølvransakande inn i den mest oppsiktsvekkjande utviklinga i europeisk akademia dei siste tredve åra: Sosialistane si omfamning av den reaksjonære islamske fascismen!»

Forrige artikkelAl Jazeera-programleder skryter av Israel
Neste artikkel– Israel er pålitelig, det er ikke palestinske myndigheter
Vi ønsker deg velkommen til å kommentere artikkelen!

Med Israel for fred (MIFF) har i våre nettforum og kommentarfelt gitt ytringsfrihet for medlemmer og motstandere siden 2001. Skriv innlegg med ditt egentlige navn og hold deg til saken. Sjikane er uakseptabelt. Unngå all form for spamming. Brudd på retningslinjer vil medføre sletting av kommentarer eller utestengelse. Vennlig hilsen Conrad Myrland, daglig leder og nettredaktør

Gi en gave til MIFFs arbeid for Israel

Belastes neste mobilregning

Hjertelig takk for din støtte!

Belastes neste mobilregning

Gi gave til bankkonto 78770654539 dersom du ønsker skattefradrag

Bjarte Bjellås ble journalist i MIFF fra 1. januar 2017. Etter journaliststudier jobbet han i Fædrelandsvennen og Vennesla Tidende.