Fredsfyrsten Kåre Willoch

I fleire media har Kåre Willoch dei siste vekene gjeve palestina-arabarane støtte og legitimitet til bruk av valdelege metodar mot israelarar. Dette for å oppnå det Willoch kallar “fred”.

 
Støtter DU det jødiske folkets rett til et nasjonalt hjemland? Klikk her for å bli medlem av MIFF fra kun kr. 4,- per uke

Det viser seg jo i etter tid, seier Willoch, at dette er moralsk rett, då resultatet av intifadan har ført palestina-arabarane til der dei no er med Oslo-prosessen. Utan intifadaen, og valden, så hadde dei ikkje komme så langt.

Det Willoch gir uttrykk for med sine utsegn, er at palestina-arabarane byrja med valdelege metodar for nokre få år sidan, då “begeret” var fult, og “okkupasjonen hardast”. Sanninga er at desse terrorhandlingane mot uskuldige jødiske sivile har halde på i over 100 år. Intensiteten har vore like høg i tidlegare tider. Årsaka til valden har vore at arabarane aldri har tolerert at jødane skulle få venda tilbake til der dei kom i frå, nemleg Israel. Det passar seg ikkje for arabarane/islamittane å få islams-rike tilflekka med “vantru” jødar. Det er mot deiras religion å gi plass for ein jødestat. Kanskje det er dette også Willoch meinar?

Kva grunnen er for at Willoch ønskjer å gi legitimitet til steinkasting, samt det å sende ungdomar full av sprengstoff inn i jødiske bussar og handlesenter, med det eine målet å skapa død og pine over jødar, er etter det lesarane og lyttarane kan forstå at: dette er metodar som israelarane/jødane gir etter for!

Palestina-arabiske terror-grupper har halde utrøytteleg på med infiltrasjonar i desse områda som no heiter Libanon, Jordan, Syria, og Egypt. Resultatet var at livet var uleveleg for jødane i Israel. Tusenar av israelarar/jødar vart drepne – samt at frykt og angst blei skapt i den israelske/jødiske folket.

Willoch seier at det var den muslimske fundamentalismen som gjorde at Rabin blei med på forhandlingar. Det er nok ikkje gildt for Willoch å minne om den verkelege årsaka til at Rabin tok sjansen til forhandlingar. Nemleg at Arafat sa seg villig å sletta alle paragrafar i si nasjonal-lov, der palestina-arabarane hadde lovfesta utslettinga av staten Israel.

At fredsprosessen ikkje har lukkast, har Willoch klåre meiningar om – han meinar enkelt og glatt, at det “internasjonale samfunn” ikkje har pressa Israel nok. Men at Islamsk Jihad, Hamas, samt fleire andre grupper framleis går målretta til verks med sine “nasjonal-lovar”, der Israel skal utslettast meir grueleg enn det PLO stod for, ja det får du ikkje vite hjå Willoch. Han trur på metodar som israelarane gir etter for – men då er det nok ikkje mange jødar tilbake i Israel, når Kåre Willoch får det som han vil!

- Artikkelteksten fortsetter under annonsen -

Vonar at Willoch vil engasjere seg like sterkt i å redde dei no dødsdømde palestina-arabarane, som det han har gjort ved å gi legitimitet til bruk av vald og opptøyer for palestina-arabarane. Det skulle vel vera meir høveleg for ein direktør i Fritjov Nansen Institutt? Eller kva med å presse Arafat til å få slutt på det palestinske barne-TV, som dagleg matar borna etter gammal antisemittisk tankegods? Eller kanskje Willoch vill at Arafat skal lage fleire slike program, så kan Arafat og PLO, sende ferdig skulerte born fram i fremste skotlinje framfor israelske soldatar? Ja, for i følgje Willoch, så er steinkasting og intifada ein moralsk rett – og skal målet nås, så trenges fleire born i skotlinja!

Neste artikkelArafats mann i Jerusalem
Vi ønsker deg velkommen til å kommentere artikkelen!

Med Israel for fred (MIFF) har i våre nettforum og kommentarfelt gitt ytringsfrihet for medlemmer og motstandere siden 2001. Skriv innlegg med ditt egentlige navn og hold deg til saken. Personsjikane er uakseptabelt. Unngå all form for spamming. Brudd på retningslinjer vil medføre sletting av kommentarer eller utestengelse. Vennlig hilsen Conrad Myrland, daglig leder og nettredaktør

Gi en gave til MIFFs arbeid for Israel

Belastes neste mobilregning

Hjertelig takk for din støtte!

Belastes neste mobilregning

Gi gave til bankkonto 78770654539 dersom du ønsker skattefradrag

- Bli fastgiver til MIFF på 10 sekund! -