Ny lokalforening i Midt-Telemark: Foredrag av Hallgrim Berg og Jens Jorde

    0
    Ny lokalforening i Midt-Telemark: Foredrag av Hallgrim Berg og Jens Jorde
    Jens Jorde og Hallgrim Berg (Foto: Tor-Bjørn Nordgaard)
    Laster kart ....
    onsdag 21. oktober 2020 kl. 18:00
    Notodden
    Gateadresse: Myllargutens gate 3
    Navn på lokalet: Sangerheimen

    Eit lag for midtfylket blir no starta opp 21.oktober kl. 18. Det er meint å dekkje Notodden og omegn, og områda Bø, Sauherad, og Nome.

    Sangerheimen i Notodden er staden når Hallgrim Berg og Jens Jorde frå MIFF Hallingdal kjem for å halde foredrag på oppstartmøtet 21. oktober. Tid: Kl. 18:00. 

    Hallgrim Berg frå Ål er forfattar, folkemusikar og tidlegare stortingsrepresentant. Han vil tala om «Den evige kampen for Israels leverett.» Han er godt kjent i fylket, kallar seg «reserve-telemarking»- både med skulegang og «kjæring» frå Telemark. (Han har med både seljefløyta og munnharpa til møtet på Notodden).
    Jens Jorde er kommunal ungdomsarbeidar på Nesbyen. Han er spesialist på nyskaping, økonomi og høgteknologi i Israel, som han kallar «Silicon Valley nr. 2». Han vil vise korleis Israel på kort tid er blitt ei teknologisk stormakt, med stadig nye produkt som kjem oss alle til nytte og glede verda rundt.

    Adresse: Sangerheimen, Myllargutens gate 3, Notodden.

    Møtet er ope for alle.

    Lett servering. Fri inngang. Arr.: Med Israel For Fred

    Velkomen!

    For informasjon om møtet, ta kontakt med MIFFs organisasjonssekretær
    Kjetil Ravn Hansen, som også skal være tilstede på møtet.
    Mobil: 45244598
    E-post: kjetil@miff.no

    0

    Your Cart