Klikk her for å bli medlem nå!

Kom til Nordic Israel Congress 10.-12. mai som fortsetter i stor fellesmarkering mot Israelhatet 12. mai.

– Vi merkar ny form for antisemittisme

- Eg trur at Mitchell-rapporten er den sjanse vi har til å kome ut av den voldsspiralen som eksisterer i dag. Men eg er ikkje sikker på at vi vil lukkast. I den siste månaden har vi sett ei ny form for antisemittisme både hos arabiske naboland og hos palestinarane.

Det sa den israelske vise-utanriksminister Michael Melchior på ein pressekonferanse i Oslo torsdag. Han er på ein lynvisitt i vestlege land, og hadde mellom anna møte med utanriksminister Thorbjørn Jagland og Kjell Magne Bondevik.

Opptrapping av vold
– Israel har einsidig teke det skritt å stanse alle handlingar mot palestinarane dagen etter at Mitchell-rapporten kom ut i eit forsøk på å stanse valden. Men diverre har vi i den perioden som har gått fått ein ytterlegare opptrapping av terror. Det er slik at Israel blør i dag på mange måtar. I tillegg er det ein verbal opptrapping hos palestinarane som ikkje er noe godt teikn med tanke på framtida. Men Arafat har offentleg sagt at også palestinarane vil akseptere Mitchell-rapporten, så vi får freiste å halde dei til det dei har sagt. Eg trur at Arafat har full kontroll, og dersom han vil stanse valden – kan han langt på veg makte det, sa Melchior.

Men han meinte av Arafat endå ikkje er kome til den strategiske avgjerda at han ynskjer å stanse konflikten.

– Han har heller ikkje forstått at vald ikkje tener han meir enn å kome til forhandlingsbordet. Det som er så tåpeleg er at til slutt vil vi likevel sitje ved forhandlingsbordet. Men kor mange menneskeliv vil gå tapt før den tid? spurde Melchior, som peika på at smerta og frykta er enorm i Israel, og det vert bygd opp stadig meir mistillit mellom partane.

Ny form for antisemittisme
– I dei siste månadane har det hos arabiske naboar – inklusiv hos palestinarane – kome fram ein ny form for antisemittisme som vi ikkje har sett før i den dimensjonen. Den syriske president sa under pavevitjinga at jødedomen drap Jesus, og de freista å drepe Muhammed – og no gjer dei presis det same med palestinske barn! Forsvarsministeren hans uttrykte det litt meir brutalt med å seie at «vi kan saktens løyse konflikten ved at kvar arabar tek på seg å drepe ein israelar, så har vi løyst konflikten!

Dette organiserte og planlagde hatet er i dag tonen i palestinske aviser, tv, moskear og skolebøker. Og folk har ingen andre kjelder for informasjon. Dei får stadig høyre at jødane kastar ut sjokolade frå fly for å forgifte palestinarane. Eller at jødane seljer billige belte med radioaktiv materiell for at palestinarane ikkje skal få barn, eller at barna dei får vert skrøpelege. Ein freistar å ta ifrå jødane deira legitimitet. Dette var openbert grunnen til at Arafat ikkje ville skrive under på ein avtale med Israel.

Svaret på fredsavtale vart intifadaen
Michael Melchior understrekar at vi ikkje må gløyme kva som skjedde for ni månader sidan.

– Eg var samen med statsminister Barak under FN sin milleniumskonferanse der vi møtte 26 statsleiarar. Alle desse, inkludert land som har støtta palestinarane si sak gjennom alle år, sa at dei forslag som låg på bordet ville løyse konflikten og oppfylle palestinarane sitt ynskje. Men palestinarane sa nei! Og vi fekk responsen den 28. september då intifadaen starte, sa Melchior.


Israel er under angrep fra Iran – vis din støtte nå!

  1. Bli medlem (fra kr. 4 per uke)
  2. Gi en gave til MIFFs informasjonsarbeid for Israel. Vipps 39881
  3. Bestill MIFFs bøker – passer veldig godt som gave både til Israel-venner og folk som er kritiske til Israel.
  4. Bestill flyers med israelernes beste argumenter til utdeling.

Gi en gave til MIFFs arbeid for Israels sak

Med noen få klikk kan du gi med mobilen din.

0

Your Cart