Klikk her for å bli medlem nå!

Kom til Nordic Israel Congress 10.-12. mai som fortsetter i stor fellesmarkering mot Israelhatet 12. mai.

Det mest imponerande i 2011?

MIFFere fra Hallingdal smaker på deilig vann fra avsaltingsanlegget i Hadera. (Foto: Jostein Sandsmark)
MIFFere fra Hallingdal smaker på deilig vann fra avsaltingsanlegget i Hadera. (Foto: Jostein Sandsmark)
Hallgrim Berg har vært på besøk i Australia, Nord- og Sør-Amerika i 2011, men ingenting imponerte mer enn avsaltingsanlegget i Hadera i Israel.

Artikkelforfatter Hallgrim Berg er tidligere stortingsrepresentant for Høyre og sekretær i MIFF Hallingdal. (Foto: Conrad Myrland, MIFF)
Artikkelforfatter Hallgrim Berg er tidligere stortingsrepresentant for Høyre og sekretær i MIFF Hallingdal. (Foto: Conrad Myrland, MIFF)

Innlegget har tidligere stått på trykk i avisene Hallingdølen og Velsignet Helg (forkortet versjon).

 

Det lir mot jol, og me går alle inn for landing og gler oss til ro og ettertanke med familie og vener.

Det har falle seg slik at dette vart ”det store reiseåret” for meg. Opplevingane på fire kontinent har vore mange, og spørsmålet er: Kva er det som har imponert ein nysgjerrig halling mest i 2011? Er det Mall of America, det eventyrlege kjøpesenteret i Bloomington, USA? Eller er det den gjestfridomen ein møter rundtom i bygd og by i Australia? Eller er det kanskje kvegdrifta på pampaen i Argentina, eit samanhengande sletteland og spisskammer seksti gonger storleiken av Hardangervidda?

I november var tjue interesserte og reiseglade menneske på studie- og hyggetur til Israel i regi av MIFF Hallingdal og Sabra Fokus Reiser i Kristiansand. På vår ferd slapp me inn på Hadera-verket, ein teknologisk sensasjon som kanskje kan vera med og vise vegen for framgang og fred i Midtausten.

Fra avsaltingsanlegget i Hadera. (Foto: Jostein Sandsmark)
Fra avsaltingsanlegget i Hadera. (Foto: Jostein Sandsmark)

I desse turre landområda er reint vatn avgjerande for menneskeleg liv og helse. Vatn er i ferd med å bli meir kostesamt enn olje. Alle treng skikkeleg drikkevatn, folketalet aukar, og eit veksande landbruk treng effektiv vatning.

Hadera, nokre mil nord for Tel Aviv, er ein enorm installasjon som omskapar sjøvatn til drikkevatn. Anlegget må sjåast som ein del av ein framtidsretta miljøpolitikk.

Nokre data: Israel, med sine snart åtte millionar menneske, treng to milliardar kubikkmeter vatn i året. 50% av dette kjem normalt frå naturen gjennom regn og boring. 15% av forbruket er spart inn gjennom intense opplysningskampanjar i hus og heim, private og offentlege verksemder. Då står det att 35% av behovet. Det blir produsert ved avsalting av sjøvatn.

Frå det tidspunktet saltvatnet blir slusa inn i fabrikken, filtrert gjennom fleire kilometer sylindrar med hardstappa ”trekkpapir” og ved hjelp av luftpress (åtti atmosfæriske trykk!), til det kjem ut att i andre enden, tek det 18 minuttar. Då er det drikkeklart, i det kalsium er tilsett på vegen.

Me heldt glaset under krana, skrudde opp og smakte varsamt på vatnet. Det var det ingen grunn til å kvie seg! Vatnet var friskt og godt, som frå ein bekk under Reineskarvet i Ål.

Det særleg miljøvennlege med denne nye teknologien er at prosessen krev minimalt av energi. Reinsing av sjøvatn har vore kjent lenge, men anlegget i Hadera har redusert energibruken og CO2-utsleppa til ein brøkdel.

Og kostnaden, spør du? Svar: Ein tohundredel av den prisen pr. liter du betalar for vatn i butikkane.

Med Hadera og eit par andre anlegg vil Israel bli fullt sjølvforsynt til sine innbyggjarar innan 2014. Det har sine absolutte føremoner. Gamal krangel om vasskjelder og røyrleidningar frå kjelder i Anatolia gjer at krangelen med Tyrkia og andre statar kan leggjast til sides.

Sjefen for utbygginga, Abraham Tenne, fortalde at Israel må bli sjølvforsynt og internasjonalt uavhengig på alle vis. Me kan ikkje stole på andre, sa han, så lenge antisemittismen atter er i vokster i mange land, og islamistiske krefter ser ut til å føre ”den arabiske våren” ut i andre og farlegare retningar enn det vestlege media hittil har jubla om.

Israel kan jamvel ta til å eksportere vatn til grannane, blant anna utvide leveransane til Jordan, som alt i mange år har hatt glede av israelsk vatn. Når grannar blir positivt avhengige av kvarandre, er det snart mindre interesse for krig og ufred.

Men det er ikkje berre spørsmål om å skaffe fram reint vatn. I ein miljøpolitisk strategi er det òg tale om gjenvinning av kloakk og sølevatn.

Alt avløp blir reinsa så effektivt at nær 90 prosent blir resirkulert og fullgodt nytta i eit høgproduktivt landbruk. Også innan resirkulering er Israel på topp i verda. På andre plass kjem Spania med om lag 20 prosent. Dei fleste land oppnår frå null til fem prosent. Det er såleis ein klasseskilnad mellom Israel og resten av verda.

Dei palestinske områda slepper møkavatnet rett i jorda og ureinar fælt både for seg sjølve og for grannane. Som infrastrukturministeren i Israel, Uzi Landau, sa med ein smil på eit foredrag til vår reisegruppe ein kveld i Jerusalem: – Dersom palestina-arabarane er så glade i landet sitt som dei seier, burde dei ta betre vare på det.

Israel eksporterer i dag den avanserte avsaltingsteknologien til Kina, Australia og fleire andre land. Men problemet er at dei som treng det mest – dei knuskturre landa i Nord-Afrika, Midt-austen og vidare austover, og som alle er muslimske og under islamsk styre – har gjort felles vedtak om at dei ikkje under noko omstende skal kjøpe varer frå Israel!

– Dette er ei oppgåve å løyse for SV! utbraut Jens Jorde, leiar i MIFF Hallingdal, etter besøket på Hadera-anlegget. – Ein studietur for partiet, med israelsk teknologi og moderne miljøpolitikk i fokus, ville ikkje vera av vegen. Dette kan bli vinn-vinn! Ja, sa han seinare, ei slik oppgåve burde vera viktigare og meir konstruktiv enn å springe i gatene her heime med krav om boikott og fordømming av Midt-austens einaste demokrati, eit land som attpåtil tek miljøpolitikken sin på alvor!

 

 

 


Israel er under angrep fra Iran – vis din støtte nå!

  1. Bli medlem (fra kr. 4 per uke)
  2. Gi en gave til MIFFs informasjonsarbeid for Israel. Vipps 39881
  3. Bestill MIFFs bøker – passer veldig godt som gave både til Israel-venner og folk som er kritiske til Israel.
  4. Bestill flyers med israelernes beste argumenter til utdeling.

Gi en gave til MIFFs arbeid for Israels sak

Med noen få klikk kan du gi med mobilen din.

0

Your Cart